Covenant Protestant Reformed Church
Bookmark and Share

Den athanasianske truvedkjenninga

Kvar og ein som vil verte sæl, må framom alt ha den sams kristne trua.

Kvar og ein som ikkje tar vare på denne heil og rein, vil utan tvil gå evig fortapt.

Med dette er den sams kristne trua, at vi ærer ein Gud i Treeininga og treeininga i einskapen. Med di vi korkje blandar i hop personane eller kløyver grunnvesenet. For ein person er Faderen, ein annan Sonen, ein annan Den Heilage Ande. Men guddomen åt Faderen og Sonen og den Heilage Ande er ein og den same, med same herlegdom og like evig majestet. Såleis som Faderen er, soleis er Sonen, soleis Den Heilage Ande. Uskapt er Faderen, uskapt er Sonen, uskapt er Den Heilage Ande. Umåleleg er Faderen, umåleleg er sonen, umåleleg er Den Heilage Ande. Evig er Faderen, evig er Sonen, evig er Den Heilage Ande. Og likevel er det ikkje tre evige, men ein evig. Liksom det ikkje er tre uskapte, heller ikkje tre umålelege, men ein uskapt og ein umåleleg. På same måten er Faderen allmektig, Sonen allmektig, Den Heilage Ande allmektig. Og likevel er det ikkje tre allmektige, men ein allmektig. Såleis er Faderen Gud, Sonen Gud, Den Heilage Ande Gud. Og likevel er det ikkje tre gudar, men det er ein Gud. Såleis er Faderen Herre, Sonen Herre, Den Heilage Ande Herre. Og likevel er det ikkje tre herrar, men det er ein Herre. For liksom den kristelege sanninga driv oss til å vedkjennast kvar person for seg som Gud og Herre, såleis forbyd den sams kristne trua oss å nemna tre gudar eller tre herrar. Faderen er ikkje verka, heller ikkje skapt, heller ikkje fødd av nokon. Sonen er av Faderen åleine, ikkje verka, heller ikkje skapt, men fødd. Den Heilage Anden er av Faderen og Sonen, ikkje verka, heller ikkje skapt, heller ikkje fødd, med går ut frå dei. Altså er det ein Fader, ikkje tre fedrar; ein Son, ikkje tre søner; ein Heilag Ande; ikkje tre heilage ånder. Og i denne Treeining er inkje før eller seinare, inkje større eller mindre. Men alle tre personar med einannan like evige og like store. Så at i alle ting, slik som alt ovanfor er sagt, både Treeininga skal ærast i einskapen, og einskapen i Treeininga.

Den som såleis vil verta sæl. må tenkja slik om Treeininga.

Men til å vinna evig sæle, er det også naudsynleg at han trur ærleg og sant at vår Herre Jesus Kristus vart menneskje.

Altså er det den rette trua, at vi trur og vedkjenner oss at vår Herre Jesus Kristus, Guds son, er Gud og menneskje: Gud, fødd av Faderen sitt grunnvesen før verda vart til, og menneskje, fødd av mora sitt grunnvesen i verda. Fullkomen Gud, fullkome menneskje, ihopsett av fornuftig sjel og menneskjeleg lekam. Lik med Faderen etter sin guddom, ringare enn Faderen etter sitt menneskevesen. Men endå han er Gud og menneskje, er han likevel ikkje to, men ein Kristus. Ein, likevel ikkje ved guddomen si omskaping til kjøt, men ved menneskjevesenet si opptaking i Gud. I det heile ein, ikkje ved samanblanding av grunnvesen, med ved einskapen i personen. For liksom den den fornuftige sjel og lekamen er eitt menneskje, såleis er Gud og menneskje ein Kristus. Som leid til vår frelse, fôr ned til helheimen, stod opp frå dei døde tredje dagen. Fôr opp til himmelen, sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader. Skal koma att derifrå for å døma levande og døde. Og når han kjem att, må kvart einaste menneskje stå opp med lekamen sin. Og dei skal leggja fram rekneskap for gjerningane sine. Og dei som har gjort godt, skal gå inn til det evige livet; men deisom har gjort vondt, til den evige elden.

Dette er den sams kristne trua. Den som ikkje heilhuga har denne trua, kan ikkje verta sæl.